Kjersti Granmo Nerheim er dagleg leiar ved Fiskå Mølle Etne AS.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bygdemølla ekspanderer
— I salsområdet vårt, som strekkjer seg frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord, veks me stadig og no har vi om lag 24 prosent av marknaden i Hordaland, og Fiskå Mølle samla har om lag 30 prosent i Rogaland, fortel dagleg leiar Kjersti Granmo Nerheim.
For i skarp konkurranse med kraftfôrgiganten Felleskjøpet vel stadig fleire bønder å kjøpe kraftfôr og gjødsel frå Etne. Det er spesielt bønder i Bergens-området som dei siste åra har fått auga opp for kraftfôret frå Tongane.
— Me skal vere eit alternativ i marknaden, seier Nerheim om verksemda som også leverer gjødsel, ensileringsmiddel, tilskotsfôr, såvarer og plantevernmiddel til primærnæringa.