— Det er trygt og godt i Sandeid. Me har flinke folk i FAU som står på for at det skal vere kjekt å vekse opp her, seier Liv Vestbø, som kjem frå bygda.
Hennar tredje barn, Viljar, var eitt av 16 ungar som blei fødde i Sandeid i fjor. Ho gler seg over at dei er så mange. Foreldra i bygda har på eige initiativ laga barselgrupper, der dei blir kjende med andre foreldre som dei vil ha mykje kontakt med når barna etter kvart begynner i barnehage og skule.
Jordmor Wenche Strand Hauge opplyser at det totalt var 88 nyfødde i Vindafjord i 2024, éin færre enn i 2023. Flest barn kom til i Skjold med 23, medan Ølen og Sandeid kom på delt andreplass med 16 kvar. I Vats blei det fødd 12 barn, Vikedal fekk ti, og Ølensvåg åtte. To barn kom til i Vikebygd, medan ingen blei fødde i Imsland. På Bjoa kom det offisielt sett eitt nytt barn, men det er eit 2024-barn som skal flytte til bygda.