Minneord
Brynjulf Berland blei 78 år
Brynjulf Berland døydde 15.mai 2025, 78 år.
Han vart fødd 29. november 1946 i Bergen som eldst av tre søsken, Solveig og Kari. Foreldra var Karen og Ole Johan. Han vaks opp i Strusshamn og på Berland. Dei flytta til Berland til småbruket til besteforeldra 1949, då bestemora Ingeborg døydde. Han omtala ho som “meget snill” heilt til det siste. Han hadde gode minne om bestefaren Brynjel. Det var ei fin tid på Berland. Brynjulf flytta i nytt hus med familien i Strusshamn 1959.
Realskule i Florvåg 1961-64. Brynjulf var iherdig. Laurdagskvelden før konfirmasjonen gjekk han på skulen. Dette var typisk.
Brynjulf kom rett inn på Bergen katedralskole 1964-67.
Arbeidde som lærarvikar. Han fekk orientert seg i livet. Tok diverse friundervisningskurs.
Verneplikt 1968-69. Gardermoen, Lahaugmoen, og deretter Bardufoss i forsyningskompaniet. Han uttalte nyleg: “Det var Herrens glade dager. Det var gode dager det”. Han lika å fortelja at han hadde vore i saniteten.
Han studerte ved Bodø lærerskole 1969-71. Han lika seg veldig godt i Nord-Norge.
Han møtte Astrid skotårstid 1972. Dei gifta seg i Skånevik kyrkje 25. august 1973.
Fyrste jobben var som lærar på Haugland barneskole. Vidareutdanning i norsk på Stord 1972, fyrst Stavanger. Vidareutdanning i samfunnsfag og geografi Bergen 1973-74.
Lærar ved Kleppestø barneskole.
1976 flytta Brynjulf med familien i nytt rekkehus på Øvre Kleppe.
Studerte spesialpedagogikk 1982.
Flytta med familien til Kambe i Etne 1983. Arbeidde som lærar ved Enge skule. 1984 og 1988 meir spesialpedagogikkstudiar medan har jobba litt redusert.
2015 flytta Brynjulf og kona til Haukelandsbakken i Bergen.
Brynjulf og Astrid fekk 3 born: Elin Kristine, Olav Sigurd og Silje. Han var ein særs omsorgsfull ektemann, far, bestefar, svigerfar og bror. Han tok seg alltid tid til å lytta. Han gav gode råd. Ein veldig god samtalepartnar. Han hadde mykje empati, var ein veldig snill mann, djup, reflektert, kunnskapsrik, ærleg, pliktoppfyllande, grundig, og hadde humor. Han takka alltid, og hadde evne til å gleda seg over dei små tinga i livet Han hadde stor omsut for familien. Det var ei stor sorg i livet då sonen Olav Sigurd vart kritisk sjuk i 2016, og døydde 11. juli 2022. Det var viktig for han å tilbringa mykje tid med han under sjukehusopphalda, og ellers. Dei hadde tette band.
Brynjulf viste ekstra stor omsut for dei som trong ekstra hjelp i livet. Han hadde ein god oppvekst med varme og trygge foreldre. Tette band til foreldre og søsken. Han arbeidde fleire somrar på Furuly, ein heim for psykisk utviklingshemma. Dette forma han truleg i stor grad som menneske.
Brynjulf hadde mange interesser og var veldig kunnskapsrik. Det han fortalde var alltid detaljrikt. Han hadde fotografisk hukommelse. Han las heile livet. Han hadde m.a. stor interesse for skjønnlitteratur, historie, og kanskje spesielt krigshistorie. Han hadde ei særleg interesse for geologi og stein. Han hadde stor glede av å studera gamle båtar til restaurering ved Hardanger fartøyvernsenter. Stor interesse for museum. Nokre av forfattarane han sette høgt var Olav H. Hauge og Jakob Sande.
Han fylgde godt med i nyhende. Samfunnsengasjert. Ein aktiv mann som lika ulike gjeremål til det siste.
Brynjulf døydde same dag som mora Karen hadde fødselsdag, 15.mai 2025 etter eit kort sjukeleie med alvorleg sjukdom på Haukeland universitetssjukehus.
Han sette ikkje seg sjølv først i livet. Andre kom alltid først.
Det er den draumen.
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje
at det må skje-
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge.
På vegner av familien
Elin Kristine Berland, eldste dotter.