• Senterpartiet, SV, MDG har allereie fordelt alle representantane sine på dei ulike komiteane i Stortinget.
• Arbeidarpartiet opplyser at dei har si lagoppstilling» i komiteane klar tysdag morgon. Frå før av er det klart at Rigmor Aasrud blir parlamentarisk leiar og Terje Aasland parlamentarisk nestleiar.
• Høgre gjekk fredag ut med den parlamentariske nestleiartrioen sin: Erna Solberg, Trond Helleland og Henrik Asheim. Måndag ettermiddag skal partiet etter planen vere klar med komitéfordelinga si.
• Frp opplyser at dei er klar med fordelinga på kvar representantane skal sitje i starten av neste veke.
• KrF opplyser at fordelinga snart» er klar.
• Venstre og Raudt har gått ut med kvar nokre av representantane skal sitje, men er ikkje klare til å leggje fram heile kabalen.
• I starten av neste veke blir det òg bestemt kven som skal leie dei ulike fagkomiteane. Talet på leiarverv blir fordelte ut frå oppslutning.
• Pasientfokus har uttrykt ønske om å sitje i helsekomiteen
Her er komitéfordelinga som er klar:
SV:
Torgeir Knag Fylkesnes, næringskomiteen, forhandlingsleiar og parlamentarisk nestleiar
Kirsti Bergstø, arbeids- og sosialkomiteen, parlamentarisk nestleiar
Kari Elisabeth Kaski, finanskomiteen
Ingrid Fiskaa, utanriks- og forsvarskomiteen, gruppestyret og presidentskapet
Lars Haltbrekken, energi- og miljøkomiteen
Birgit Oline Kjerstad, energi- og miljøkomiteen
Kathy Lie, familie- og kulturkomiteen
Marian Hussein, helse- og omsorgskomiteen
Andreas Sjalg Unneland, justiskomiteen
Grete Wold, kommunal- og forvaltningskomiteen
Audun Lysbakken, kontroll- og konstitusjonskomiteen, parlamentarisk leiar.
Mona Fagerås, transport- og kommunikasjonskomiteen
Freddy Øvstegård, utdannings- og forskingskomiteen
Sp:
Per Olaf Lundteigen, Anja Ninasdotter Abusland: Arbeid og sosial
Ole André Myhrvold, Siv Mossleth, Gro Anita Mykjåland: Energi og miljø
Åslaug Sem-Jacobsen, Margrethe Haarr: Familie og kultur
Sigbjørn Gjelsvik, Geir Pollestad, Kjerstin Wøyen Funderud: Finans
Hans Inge Myhrvold, Lisa Marie Klungland: Helse og omsorg
Else Marie Rødby, Ivar Prestbakmo: Justis
Heidi Greni, Per Martin Sandtrøen, Kathrine Kleveland: Kommunal og forvaltning
Nils T. Bjørke: Kontroll og konstitusjon
Willfred Nordlund, Jenny Klinge, Per Olav Tyldum: Næring
Erling Sande, Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien: Transport og kommunikasjon
Marit Knutsdatter Strand, Maren Grøthe: Utdanning og forsking
Marit Arnstad, Bengt Fasteraune: Utanriks og forsvar
Venstre:
Guri Melby, utanrikskomiteen
Alfred Bjørlo, næringskomiteen
Grunde Almeland, justiskomiteen
Ingvild Wetrhus Thorsvik, arbeids- og sosialkomiteen
Sveinung Rotevatn, finanskomiteen
• Det er førebels ikkje kjent kvar Abid Raja, Ola Elvestuen og André N. Skjelstad skal sitje
Raudt:
Bjørnar Moxnes, utanriks- og forsvarskomiteen
Marie Sneve Martiniussen, finanskomiteen
Seher Aydar, helse- og omsorgskomiteen og kontroll- og konstitusjonskomiteen
Mimir Kristjansson, arbeids- og sosialkomiteen
• Førebels ikkje kjent kor Sofie Marhaug, Tobias Drevland Lund, Geir Jørgensen og Hege Bae Nyholt skal sitje.