Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Varaordførar Andreas Grumheden på talarstolen under årets siste kommunestyremøte.

Breitt fleirtal for nøkternt budsjett

Publisert

Saka om budsjett 2026 og økonomiplan 2026–2029 var den store saka då kommunestyret samla seg til møte og julemiddag på Skånevik fjordhotell tysdag. Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse hadde på førehand lagt fram eit budsjett med netto driftsresultat på 1,8 prosent – rundt 9 millionar kroner – og ein investeringsplan som held fram med å fornya bygg og anlegg i kommunen.

Formannskapet hadde delt seg i to alternative politiske forslag: Eitt frå Sp, Ap, H, KrF og uavhengig representant Ole Funderud, og eitt frå Framstegspartiet. Begge blei stilte opp mot kommunedirektøren sitt opphavlege forslag, og kommunedirektøren sitt framlegg fekk ingen stemmer og fall. I formannskapet fekk fellesforslaget frå Sp, Ap, H, KrF og Funderud fem stemmer, medan Frp sitt forslag fekk to.

I sjølve kommunestyret stod stemmekampen til slutt mellom fleirtalsforslaget frå formannskapet og Frp sitt alternative budsjett. Fire Frp-representantar, Kurt B. Hagen frå VIP og Johan Strømsvold frå Venstre stemte for Frp sitt budsjett – seks stemmer totalt. Elleve representantar stemte for formannskapet sitt forslag, som dermed blei vedtatt som budsjett for 2026.

Powered by Labrador CMS