Brannvesenet med oppfordring: — Alle bør krysse av 1. desember i kalenderen
1. desember er Røykvarslardagen, og Etne brann og redning oppmodar alle innbyggjarar om å ta ein viktig sjekk før julelys og vintermørke for alvor tar over.
— Alle bør krysse av 1. desember i kalenderen. Då er det Røykvarslardagen, og på tide å teste røykvarslarane og bytte batteri ved behov. Dette er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i den tida på året der det vanlegvis brenn mest, seier Astrid Vestbø, leiar førebyggjande i Etne brann og redning i ei pressemelding.
Vestbø fortel at Etne brann og redning også deler ut gratis batteri ved Etne senter måndag formiddag 1. desember, slik at folk enkelt kan byte ved behov.
Slik sjekkar du røykvarslaren
Vestbø minner om at ein enkel kontroll kan vere avgjerande for å redde liv dersom ulukka er ute. Ho viser til tre enkle steg:
- Test kvar enkelt varslar med testknappen. Dersom den ikkje fungerer, må du bytte batteri eller kjøpe ein ny røykvarslar.
- Sjekk om lyden frå røykvarslaren er tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka.
- Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar, bør dei vere seriekopla
– Du bør bruke seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane piper samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Det kan gi deg og familien din verdifull tid til å kome dykk i tryggleik, seier Vestbø.
Brannvesenet rår folk til å teste varslarane ein gong i månaden, samt etter lengre tids fråvær. Å støvsuge varslarane jamleg kan også forlenge levetida på dei.
Oppmodar til å sjå til dei som treng hjelp
Brannstatistikken viser at nokre er særleg sårbare dersom ein brann oppstår, blant anna eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.
– Mange har vanskar med å sjekke røykvarslarane sjølve. Vi oppmodar derfor alle til å sjå til at dine næraste har røykvarslar som fungerer, og bytte batteri ved behov, seier Vestbø.
Røykvarslardagen blir arrangert 1. desember kvart år, og er ein nasjonal kampanje i regi av Brannvernforeininga, DSB og Gjensidige. Lokalt bidreg brannvesenet og Det lokale Eltilsynet (DLE) til å spreie bodskapen.
På roykvarslerdagen.no finn du meir informasjon om korleis du kan gjere heimen din tryggare.