Bondemarknad med folk, dyr og kortreist mat
— Dette handlar om å visa kven me er, og kva bøndene i Vindafjord står for, seier Eivind Lien, formann i Vindafjord bondelag.
Saman med sekretær Andreas Lundegård og resten av arrangementskomiteen – ein gjeng på åtte til ti personar – har dei planlagt dagen sidan tidleg i sommar. Dei har halde fast ved ein tydeleg profil:
— Me er bevisste på å sleppa til dei rette utstillarane. Ingen heliumballongar og lakris. Me vil ha mest mogleg lokalproduserte varer. Dette er ein dag for å visa fram landbruket, mattradisjonane og dyra våre, seier Lien.
Og folk møtte opp, trass regn og grå himmel.