Leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.

Bondelaget: – Matproduksjon er beredskap

Norges Bondelag krev at norsk matproduksjon må sikrast og styrkjast med tanke på beredskap og rekruttering for framtida.

Publisert Sist oppdatert

– Vi kan ikkje lene oss på globale forsyningslinjer i ei tid med krig, klimaendringar og geopolitisk uro. Å produsere meir mat i Noreg handlar ikkje berre om næringsutvikling, det er sjølve grunnmuren i den nasjonale beredskapen vår, seier Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag.

Bondelaget meiner at trygg matforsyning krev stabile rammevilkår, føreseieleg inntekt og verkemiddel som gjer det lønsamt å produsere mat over heile landet, også i Nord-Noreg.

– For å gjere bondeyrket attraktivt for ungdom, må inntektene og sosiale vilkår vere på linje med samfunnet elles. Bøndene i dag møter både marknadskrav, klimakrav og beredskapsansvar. Då må også inntektene og velferdsordningane følgje etter, seier Gimming i ei pressemelding.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS