Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bondelaget åtvarar mot at dyrlegeordninga kan bli merkbart svekt om det nye forslaget frå kommunekommisjonen blir vedteke.

Bondelaget åtvarar mot veterinærkutt

Publisert

– Vi er opptekne av å styrkje veterinærtenestene i kommunane og meiner dette vil få motsett effekt. Når øyremerkinga blir fjerna, kan midlane bli brukte til heilt andre formål i ein allereie pressa kommuneøkonomi. Det gir ingen tryggleik for bønder som er avhengige av veterinær når det hastar, seier Bodhild Fjelltveit, 1. nestleiar i Norges Bondelag, i ein artikkel på nettsidene til Bondelaget.

Bondelaget meiner forslaget vil svekkje veterinærberedskapen og gjere tilbodet meir uføreseieleg, særleg i distrikta.

Kommunekommisjonen er eit offentleg utnemnt utval som har vurdert oppgåvene og inntektene til kommunane. Sjølv om fleirtalet i kommisjonen støttar forslaget, er det også tydeleg usemje.

Powered by Labrador CMS