Alf Warloe Christophersen er glad det igjen blir bluesfestival etter åra med pandemi. Foto. Grethe Hopland Ravn.
Festivalgründer Alf Warloe Christophersen utanfor House of Blues i Skånevik.

Bluesen attende på lekter

Tre år har gått sidan det sist var ordinær bluesfestival i Skånevik, og om halvanna veke brakar det laus igjen. Dette er for 25. gong, og no tar Alf Warloe Christophersen tilbake lekteren, og droppar teltet på idrettsplassen.

Publisert Sist oppdatert

Bluesgeneral Alf Warloe Christophersen synest det beint fram er heilt herleg å endeleg kunna satsa på ein skikkeleg festival igjen, etter to år med både mini-festivalar og publikumsrestriksjonar.

— Nå er eg klar for å ta i mot mange glade menneske som har venta lenge på at det skal bli blusefestival i Skånevik igjen. Mange har sagt at dei gler seg stort, seier bluessjefen.

Han merkar likevel at det er visse utfordringar som følgje av både pandemi og krig. Frivillige sjeler som kan bidra med dugnad har det vore vanskeleg å få tak i, og han manglar framleis mange som kan ta ei vakt og to. Teltbyggjarane har han også måtte klara seg utan i år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS