Enda ligg det noko kvitt i fjelltoppane, men med sol og varme har våren gjort eit storinnrykk til glede for både bier og hageinteresserte. Foto: Sirianne Vikestad
Skribenten tar for seg det klassiske temaet blomster og bier» i denne petiten.

Petit

Blomster og bier… og ein velsigna isbil

Temperaturar over 25 grader, strålande sol, blomster og bier er noko av det som beskriv sommarferien på sitt beste. Som travel småbarnsmor var også eit lite plaskebasseng alt som skulle til for å okkupera mi 4-årige dotter ei god stund. Og med 1-åringen på trilletur, og ny baby i magen, såg eg føre meg ei salig stund med etterlengta låg kvilepuls. Men der tok eg grundig feil. For når ein har barn med tusen-millionar» spørsmål på lager, veit ein at ein vakker dag kjem spørsmålet som tvingar mor eller far til å ta samtalen.» Samtalen om livets opphav. Om blomster og bier. Om storken. Kall det kva du vil.

Denne vakre sommardagen – midt i døsen på terrassen – kom stunda. I plaskedammen sit dotter mi og stirar på meg. Halvt irritert fordi ho ikkje får noko svar. — Mamma! Svar meg då! Koss kom den babyen inni magen din? Tankane går tilbake til samtalane eg og maen har hatt om korleis me skal forklara dette for barna…når den tid kjem. Men kven i himmelens namn hadde vel trudd at tida skulle vera akkurat i dag? I mi stille stund under varme solstrålar. Når eg minst venta det! — Eh.. Hm… Du veit.. Ein baby blir til av to frø som smeltar saman inni kroppen til mora. Frøa heiter celler, og det eine frøet er ei pappa-celle og det andre frøet er ei mamma-celle, seier eg og håpar tøtta slår seg til ro med svaret.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS