Næringsliv

Blei hotelleigarar på nachspiel

Heile ideen om Fugl Fønix hotell starta ei fuktig natt med 12 unge vener på nachspiel i kjellaren hjå Audun Stene i 2001. — Eg vakna dagen etter og hadde kjøpt hotell, seier Asbjørn Moe styreleiar og medeigar, som på den tida budde på Austlandet.

Publisert Sist oppdatert

Etter at alle formalitetane var på plass, var vennegjengen blitt hotelleigarar i hotellet som no har 25-årsjubileum. Men me må skru tida litt lenger tilbake. I november 1999 starta Audun Stene og Jan Terje Rafdal ein kunstkafé i Svingen på hotellet. Rafdal hadde eit atelier i overetasjen og stilte ut kunsten sin på kaféen, som òg vart ein stad for musikk og jamming.

— Det var ein kunstkafé med glade amatørar, seier Jan Terje Rafdal.

Heile konseptet var så spesielt at Dagbladet kom og laga ein reportasje om det.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS