Trur Rogaland vil slite
– Dette er ein bransje som sårt treng ei kompensasjonsordning, seier regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland, til Stavanger Aftenblad.
Ei fersk undersøking av NHO viser at 42 prosent av reiselivsbransjen i Rogaland fryktar konkursar.
– Rogaland ligg mykje dårlegare an enn resten av landet. Eg trur dessverre vi kjem til å sjå fleire konkursar, seier Grindland.
Venta breiare pakke
Regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal hadde venta at pakken frå departementet skulle romme meir enn reiselivsnæringa.
– Milliarden som reiselivet fekk er viktig, men vi hadde sett føre oss ein breiare pakke til resten av næringslivet, seier han til NRK.
Ser mørkt på 2021
Erik Berg i hotellkjeda Classic Norway opplyser til statskanalen at han trur problema for næringa vil vare langt ut i 2021.
– Eg trur 2021 blir eit like kolsvart år som det tyder på hausten blir, seier han.
Regionansvarleg for Quality Hotel Region Stavanger, Lars Roalkvam, er samd i at krisa blir langvarig, men er positiv til pakken som no kjem frå regjeringa.
– Med dei nye ordningane vil fleire bedrifter forhåpentlegvis sjå lys i enden av tunnelen. Men for nokre vil det framleis vere vanskeleg. Å spå korleis dette vil slå ut er vanskeleg, seier han til Stavanger Aftenblad.
Hjelp til omstilling
Hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand trur pakken frå regjeringa vil vere god hjelp for å omstille seg for ein ny marknad.
– Vi er sjølvsagt glade for alt vi kan få og søke på av pengar. Det ser ut som at trafikken framover vil bli veldig laber. Før hadde vi masse utanlandske gjester. No må vi tilpasse oss ein marknad med stort sett berre norske gjester, seier Kvikne til Aftenposten.