Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Påtroppande Statkraft-konsernsjef Birgitte Ringstad Vartdal. Foto: Statkraft
Påtroppande Statkraft-konsernsjef Birgitte Ringstad Vartdal.

Birgitte Ringstad Vartdal blir ny konsernsjef i Statkraft

Publisert Sist oppdatert

Det opplyser selskapet i ei pressemelding.

– Statkraft er eit viktig selskap i energiomstillinga av Noreg, Europa og verda, som eg er stolt over å vere ein del av. Vi skal framleis bidra som Noregs klart største kraftprodusent og vere den viktigaste partnaren i industrien gjennom å tilby stabil, grøn energi til konkurransedyktige prisar i dei marknadene vi opererer, seier Vartdal, som tiltrer stillinga 1. april.

Før ho vart Norden-sjef i selskapet, var ho konserndirektør for europeisk utvikling av vind- og solkraft i Statkraft. Ho er utdanna sivilingeniør innan fysikk og matematikk frå NTNU, og har ei mastergrad i finansiell matematikk frå Herriot Watt University i Skottland.

Ringstad Vartdal etterfølgjer Christian Rynning-Tønnesen som ønskjer å fråtre etter 14 år som konsernsjef.

Vartdal vil få den same grunnlønna som avtroppande konsernsjef på 6,3 millionar kroner. Og som andre leiarar i Statkraft, vil ho ha ei variabel lønnsordning basert på oppnåing, som maksimalt gir 25 prosent av grunnlønn.

Powered by Labrador CMS