Biogass kan gi tusenvis av jobbar
Biogass Norge forventar at bransjen kan skapa 16.000 nye arbeidsplassar i åra framover. Eit lokalt selskap vil vera med i denne utviklinga av grøn energi.
Interesseorganisasjonen Biogass Norge ventar i desse dagar spent på regjeringa sin handlingsplan for biogass. For å lukkast med å skapa mange jobbar i bransjen, trengst det gode rammevilkår og at samfunnet vil satsa.
— Vinnaren er klimaet og dei som ønskjer seg jobb i ein sektor som har framtida føre seg, seier Pia Farstad von Hall, dagleg leiar i Biogass Norge, i ei pressemelding.
Byggestart om eitt år