Haugaland og Sunnhordland tingrett. Arkivbilde
Biocleanfish AS slått konkurs
Eit selskap med adresse på Bjoa er tatt under konkursbehandling etter at styret sjølv melde oppbod. Gjelda er på nærare 8,5 millionar kroner, og selskapet har ifølgje retten ingen verdiar igjen.
Biocleanfish AS er slått konkurs etter ei avgjerd
i Haugaland og Sunnhordland tingrett 19. desember 2025. Det var styret i
selskapet som sjølv melde oppbod, og oppbodskravet blei sendt til retten 17.
desember.
I ordskurden går det fram at oppbodet er vedtatt
av styret, og at dette oppfyller krava i konkurslova. Retten legg opplysningane
frå selskapet til grunn.
Over åtte millionar i gjeld