Grethe Hopland Ravn. Foto: Rina Aspmo
Grethe Hopland Ravn.

På tampen

Billigsalets evangelium: Frå black til blakk

Januar er her. Månaden som lovar nytt år, nye moglegheiter – og enda meir sal. Etter ein heftig runddans med black week, black friday, cyber monday, julesal, romjulssal og nyttårssal, trur du kanskje at lommeboka endeleg kan pusta letta ut. Å nei da! No er det januarsalet som svingar seg i valsen. Det er som om butikkane har konkludert: Har du pengar att? La oss gjera noko med det!» Det er noko med ordet Salg» som gjer at mange går av skaftet. Plakatane lyser mot oss, og me må» berre innom. Eg skal berre ha eit par sokkar,» seier me til oss sjølve, før me kjem ut med ein blender, eit sett med keramiske knivar og ein hagegnom med innebygd solcellelys. For kven kan vel motstå 70 prosent rabatt på noko ein aldri visste at ein trong? Det er i grunnen eit paradoks, for januar kan symboliserast med dårleg økonomi, endå dårlegare val, og er kjend som den magraste månaden i året. Likevel er det nettopp då butikkane lokkar med dei beste tilboda. Det er nesten som om dei veit at me sit der med kredittkortet som allereie har fått juling i desember, men framleis har nokre lappar igjen før me har nådd kredittgrensa.

Og me går på limpinnen! Gong på gong. No er det januar, alt er billig!» seier me mens me drar kortet på den fancy airfryaren som skal revolusjonera matlaginga vår. I realiteten endar den i staden opp som ei dyr oppbevaringskasse for halvferdige pommes frites.

Me treng ikkje religiøse forsamlingshus lenger, for SAL er den nye religionen. Me har rituelle høgtider: Black Friday er julaftan, cyber monday er første juledag, og januarsal er søndagsskule for alle som ikkje fekk nok. Me er pilgrimar som vandrar frå butikk til butikk, klare for å legga igjen alt me har i bytte mot 50 prosent avslag. Ironisk nok: Når ein får spørsmål frå kassadama: Ska’ du ha påse?» svarar me: Nei takk, eg må jo spara miljøet!» mens me balanserer fem par sko og eit nytt kjøkkenbord ut i bilen. Etter kvart kjem realiteten sigande inn. Me har gått frå black til blakk, lønningsdagen er langt unna, kredittkortet er overbelasta, og alt me sit igjen med er ein elektrisk fotvarmar og ein stavmiksar i gull. Så kvifor gjer me det? Kvifor går me inn i butikken med klare tankar og kjem ut som deltakarar i eit økonomisk realityshow? Svaret er enkelt: Fordi me er menneske! Og menneske elskar alt som er på tilbod! Så lenge det heng ein plakat med store raude bokstavar, er me ustoppelege. Sjølv om me kanskje burde laga ein ny regel som sa at me berre skulle kjøpa ting me faktisk treng, så veit me korleis det går. Neste gong det lyser mot oss Opptil 80 prosent rabatt!» så går me på limpinnen igjen.

Så godt januarsal, folkens. Måtte saldoen vera deg nådig!

Grethe Hopland Ravn

Powered by Labrador CMS