Den nye 60-sona frå Solheim og gjennom Austreimsbygda i Skjold har vore gjeldande i over ei veke.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bilførar oppdaga ny 60-sone for seint
Bilførar syntest politiet var for altfor tidleg ute med å skrive ut bøter i ny 60-sone.
Ikkje alle har lagt merke til den nye 60-sona i Austreimsbygda på E134 i Skjold. Og definitivt ikkje sjåføren som sundag ana fred og inga fare då politiet plutseleg vinka han inn og ila ha eit forenkla førelegg for å ha køyrd for fort.
— For tidleg med bøter
— Vedkommande synes nok politiet var litt tidleg ute med å skrive ut bøter her. Ein kan vere eining eller ueinig i det, men det er eit faktum at fartsgrensa på staden no er satt ned til 60 på permanent basis, så obs-obs, seier lensmann Ingvar Gjærde.