ILLUSTRASJONSFOTO: ØYSTEIN ELLINGSEN/STATENS VEGVESEN
Bilbeltekontroll og teknisk sjekk i Vindafjord: Éin bil avskilta på staden
Statens vegvesen hadde torsdag 3. april kontrollar av lette køyretøy og bilbeltebruk på Bjoa og i Vikebygd. Kontrollane avslørte fleire brot på regelverket – ein varebil fekk bruksforbod og vart avskilta der og då.
Kontrollane var del av Statens vegvesen sitt kontinuerlege arbeid for betre trafikktryggleik. Med nullvisjon for alvorlege trafikkulykker, er målet at ingen skal døy eller bli hardt skadde i trafikken. Under denne kontrollen var hovudfokuset retta mot bilbeltebruk og teknisk tilstand på lette køyretøy.
– Alle som ferdast på norske vegar skal komme trygt fram. Difor kontrollerer me alt frå sikt i frontruta og lastsikring til dekk og bremsar, opplyser Statens vegvesen.
Avdekte fleire lovbrot