Bibliotekforeininga ropar varsku: Meiner skulebiblioteka er løysinga
Leiar for Norsk bibliotekforeining er bekymra over lesevanane til unge. Ho meiner ei satsing på skulebiblioteka vil vere med på å løyse lesekrisa.
– Det handlar både om leseevne og leselyst. Det rokkar ved noko av det aller mest grunnleggjande vi har for å snakke saman, nemleg språket vårt, seier leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforeining til NRK.
Ho meiner vi står midt i ei lesekrise, at lesing er beredskap, og at konsekvensane kan vere store om ein ikkje klarer å snu den søkkande lesetrenden.
– Det er ein så stor straum av informasjon og desinformasjon at om vi ikkje skjønner kva som skjer rundt oss, så er vi eit lett byte for uønskt påverking, seier ho til rikskringkastaren.
Kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun (Ap) erkjenner at det er behov for fleire midlar til skulebiblioteka i åra som kjem.
SSB-tal frå desember 2024 viste at medan nesten 40 prosent av 9-15-åringane i år 2000 oppgav at dei las kvar dag, er den delen no 13 prosent.
(NPK)