Då klokka tikka mot elleve onsdag føremiddag var det ingen teikn til noko unormalt rundt kassane på Coop Extra i Ølen.
Det einaste uvanlege var at distriktssjefen i Coop Extra hadde fått Ingebjørg Vestbø til å koma til arbeidsstaden ho fredagen før, etter 17 år, hadde gått frå som pensjonist. Derimot var det utanfor på parkeringsplassen til Ølen Senter noko som ikkje var vanleg.
Der var det leiarar både frå Coop Sørvest, Posten/Bring i Rogaland og servicedirektøren frå hovedkontoret til Posten i Oslo. Kake og blomar vart pakka ut frå bagasjerommet på den eine av bilane.