Bergensbanen og Flåmsbana er stengd til fredag klokka 18, melder Bergens Tidende. Dei første som blir ramma, er nattoga.
– Det blir ikkje mogleg å komme seg over fjellet. Dette er på grunn av vêret, seier Vys kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby til avisa.
Nattoga som skulle gått begge vegar mellom Bergen og Oslo, blir ståande.
– Det er ingen alternativ transport. For passasjerar som skulle vore med toget i kveld, vil det vere mogleg å sove på nattoga som står på stasjonen i Bergen og Oslo, opplyser Lundeby.
Fleire stader på strekninga er det sendt ut farevarsel for ras.