Marte Bull-Njaa (t.v.) er hovudtillitsvalt, og Åse Hjelmervik er leiar for Utdanningsforbundet i Etne. Dei meiner politikarane bør ta omsyn til kva lærarane meiner når det kjem til debatten rundt femdagarsveka.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Ber politikarane lytta til fagfolk
Om ei veke skal politikarane avgjera om grunnskulen i Etne kommune skal vera fire- eller femdagarsskule. Kommunaldirektøren tilrår femdagarsveke, medan Komite drift ikkje tok stilling til saka. Torsdag 28. oktober kjem saka opp i kommunestyret, og no ber hovudtillitsvalt Marte Bull-Njaa og leiar i Utdanningsforbundet, Åse Hjelmervik, om at politikarane må lytta til dei som jobbar i skulen.
— Me i Utdanningsforbundet kan ikkje gå ut å seia at alle vil ha femdagarskule. Det er eit stort engasjement på begge sider, seier Åse Hjelmervik.
— Eg meiner at med eit så tydeleg fleirtal, bør lærarane bli lytta til, seier Marte Bull-Njaa.