Kenneth Karlsen ber ordføraren kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte etter at Grannar skreiv om situasjonen i Etne brann- og redning.
Kenneth Karlsen (Frp)

Brannberedskap

Ber om ekstraordinært formannskapsmøte

Kenneth Karlsen (Frp) ber ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte etter at Grannar publiserte saka om situasjonen i Etne brann- og redning (EBR)

Publisert Sist oppdatert

Kenneth Karlsen skriv i ein e-post til ordføraren at i kjølvatnet av den alvorlege saka som kom fram i torsdagens Grannar, ser han det som nødvendig å kalla inn til eit ekstraordinært formannskapsmøte. Han legg til at det tydelegvis er svært ulik situasjonsforståing mellom eininga og leiinga i kommunen, og som folkevalt meiner han dei no treng å få tilstrekkeleg innsikt i situasjonen.

Karlsen har fleire gonger over tid bedt om informasjon, og lagt fram ønske om ein investeringsplan for å innfri forventningane i brannordninga, og han seier det ikkje er ideelt at folkevalde får presentert situasjonen i EBR gjennom lokalavisa.

— Eg tillét meg å reflektera over at dette kunne vore unngått om formannskapet og kommunestyret hadde fått nødvendig orientering frå brannsjefen, noko me har etterlyst i nærare eitt år, uttalar han i e-posten.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS