Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Ber bankane få opp farta med rentekutt
— Eg vil oppmode bankane til å skru ned renta med ein gong. Folk skal på ferie, så bankane må få ut fingeren, seier Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Sjølv kjøpte ho hus i heimbygda Ølen i fjor. Etter at sentralbanksjef Ida Wolden Bache presenterte kuttet i styringsrenta torsdag morgon, tok ho kontakt med banken sin, men den hadde ikkje planar om å skru ned renta på bustadlånet no.
— Dei viste til føreseielegheit og vil vente til august, fortel ølensbuen oppgitt.