Båt laus frå arrest
— Vanlegvis melder ein det til politiet når noko blir stole. Men når nokon set […]
— Vanlegvis melder ein det til politiet når noko blir stole. Men når nokon set det du eig fast med kjetting og hengelås, er eg usikker, seier Brynjulv Hus.
Han tar episoden med galgenhumor, ristar på hovudet og kneggar under barten.
— Det er fint at styret hjelper meg med å feste båten litt ekstra, men i lengda er det er litt upraktisk at eg ikkje har nøkkel til hengelåsen.
Han kom til båthamna ut på dagen i går med ei kraftig avbitartong og baufilsag.
Strid om turistar
Hus seier at det var jungeltelegrafen i Skånevik som gav han tips om at styret i Skånevik Båtforening hadde aksjonert dagen før og låste den 17 fot store båten hans fast med kjetting. Bakgrunnen for den uvanlege handlinga, er at styret i Skånevik Båtforening meiner Hus handlar i strid med vedtektene fordi han lar tyske turistar som leiger hus hos han får bruke båten.
Ein ny paragraf som kom inn i vedtektene til båtforeininga i vår, seier at eigaren eller leigaren av ein båtplass, ikkje kan leige båten ut til turistar.
Dette meiner Hus er eit urimeleg krav som han ikkje har tenkt å etterkome.
Flyttar ikkje
— Å gå til aksjon med hengelås og kjetting er sjølvtekt av båtforeininga som eg ikkje kan akseptere. Eg flyttar ikkje båten før namsmannen eller politiet gjer det. Styret i båtforeininga kan ikkje gå fram på denne måten, meiner Hus.
Han viser til at båthamna Havn er på kommunen sitt friluftsområde, og at kommunen har presisert at sjølv om Skånevik Båtforening har full disposisjonsrett, blir det oppfordra om at foreininga legg til rette for turistnæringa i bygda. Noko som vil vere i samsvar med ønsket om at turisme skal vere satsingsområde, står det i eit brev frå kommunen som foreininga har fått kopi av.
Fekk frist
Brunjulv Hus kjøpte seg båtplass i hamna i 2002, og han har dei seinare åra late tyske turistar bruke båten.
— Neste år blir det kanskje ein norsk sportskjede som skal leige hos meg. Og eg forstår ikkje kva som skulle vere så gale med at dei får gå i båthamna og hente båten for ein tur, seier Hus.
Men sjølv om Hus ikkje har tenkt å etterkome kravet frå styret i båtforeininga, vil dei uansett truleg vere kvitt han til neste år. Han skal leige seg plass i ei ny båthamn som skal byggjast på Skånevikstranda.
For ei tid tilbake var det ein anna båtstrid i Skånevik Båtforening fordi styret ville ekskludere eit medlem som dei meinte var vanskeleg. Mekling i det offentlege apparatet gav ikkje båtforeininga medhald, og båteigaren har framleis plass i hamna.
Brynjulv Hus fekk brev 1. juli i år om at han hadde frist til 9. juli med å avvikle utskiping av fisketuristar frå båtplassen. Grannar fekk midt på dagen i går ikkje kontakt med leiar Jarle Håland i Skånevik Båtforening.