Bassenget er trim heile året
Med eige motstraumsbasseng og ein badetemperatur som viser over 30 grader kan familien Mills i Etne halda kroppen i trim året rundt.
På eit lite platå med praktfull utsikt over fjord og fjell står eit gråfarga svømmebasseng fylt med behageleg temperert vatn. I det varme vatnet kan små og store få seg ein behageleg omgang massasje med vassprut frå kraftige dyser, testa svømmeferdighetene mot vasstraumen eller berre slappa av og finna roen etter ein lang arbeidsdag.
— Dette bassenget brukar me nesten kvar dag, fortel bassengeigar og ivrig svømmar Eric Mills og trykker på knappen som aktivirer motstraumen.
— Det er helst oss vaksne som brukar denne funksjonen, seier han.