Troms og Finnmark skilde seg ut med 90 ulovlege garnsett i 2024, medan Vestland også hadde eit høgt tal i 2024. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Troms og Finnmark skilde seg ut med 90 ulovlege garnsett i 2024, medan Vestland også hadde eit høgt tal i 2024.

Avdekte 234 ulovlege garn

Finnmark, Troms og Vestland toppar statistikken over ulovlege fiskegarn. Miljødirektoratet åtvarar om potensielt store skadar på laksebestandane.

Publisert Sist oppdatert

Det blei avdekt 234 ulovlege garn langs norskekysten i 2024 , skriv NRK.

Troms og Finnmark skil seg ut med 90 ulovlege garnsett, medan Vestland også har eit høgt tal. Siril Borgersen, kommunikasjonsrådgivar i Miljødirektoratet, forklarar at situasjonen er særleg kritisk for nokre elvar:

– Det er enkelte vassdrag som har ein så svak laksebestand at alt laksefiske i vassdraget er forbode. Dersom ein fiskar i sjøen på desse svake bestandane kan konsekvensen bli store.

Strafferamma for brot på lakse- og innlandsfiskelova blei skjerpa i 2020, med risiko for opp til fem års fengsel ved alvorlege brot. Miljødirektoratet merkar ein auke i tips frå bekymra publikum om ulovleg garnfiske.

Borgersen håpar at auka informasjon om regelverk og strengare straffer vil føre til mindre ulovleg fiske.

(NPK)

Powered by Labrador CMS