Administrasjonssjef Liv Johanne Salhus og nytilsett IT-ingeniør Sindre Hodneland viser rundt i dei enorme lokala til AutoStore AS i Åmsosen. Her omorganiserast arealet for tida, i tråd med omfattande utviding av bedrifta.Foto: Øystein Birkenes
Administrasjonssjef Liv Johanne Salhus og nytilsett IT-ingeniør Sindre Hodneland viser rundt i dei enorme lokala til AutoStore AS i Åmsosen. Her omorganiserast arealet for tida, i tråd med omfattande utviding av bedrifta.
Karl Johan Lier, toppsjef i AutoStore, fortel at behovet for fleire ingeniørar, kjem til å vere sterkt framover. Dette famnar om kompetanse både innan IT og mekanikk.Inntektene kraftig opp samanlikna med fjoråret. Arkivfoto
Karl Johan Lier. Arkivfoto
AutoStore har nyleg tatt i bruk nye kontorlokale. Det skal utvidast frå om lag 100 til 150 kontorplassar i Vats, for å imøtegå vekst i talet på tilsette.
AutoStore har nyleg tatt i bruk nye kontorlokale. Det skal utvidast frå om lag 100 til 150 kontorplassar i Vats, for å imøtegå vekst i talet på tilsette.
Planen er definitivt ikkje at det skal vere grått, nøytralt og kjedeleg» på veggene i dei nye kontorlokala til AutoStore i Åmsosen.
Planen er definitivt ikkje at det skal vere grått, nøytralt og kjedeleg» på veggene i dei nye kontorlokala til AutoStore i Åmsosen.

Autostore treng mange nye hjernar

AutoStore satsar stort etter rekord-salet av bedrifta i fjor, og rekrutterer så mange ingeniørar som dei berre kan til Vats. Sindre Hodneland (27) gjekk i fjor rett frå sommarvikariat til fast jobb i Åmsosen.

Publisert Sist oppdatert

Hodneland, som kjem frå Os kommune i bergensområdet, har dei siste åra studert kybernetikk og robotikk ved NTNU i Trondheim. Etter ferdig mastergrad i fjor bar det frå Trøndelag til Vindafjord for ein sommarjobb hjå robotbedrifta AutoStore, og det blei det snarleg fast jobb av. Til vanleg jobbar han med programmering av såkalla firmware» (fornorska til fastvare»), den grunnleggande programvara på kretskorta til den skinnegåande roboten som er sentral for AutoStore-lagringssystemet. Som kjent blei dette i si tid utvikla i Nedre Vats, og der er det i stadig utvikling.

— Eg fekk først kjennskap til AutoStore då eg trefte representantar for bedrifta på stand under ein karrieredag på universitetet i Trondheim. Eg blei fanga av plakaten dei hadde oppe, og hadde undervegs i utdanninga kome fram til at det aktuelle feltet var noko eg gjerne ville inn i. Dermed søkte eg i same drag både sommarjobb og fast stilling, fortel Hodneland.

Territoriet var særs opent og gunstig for 27-åringen i fjor, i kraft av at AutoStore i aller høgste grad er i vekst- og rekrutteringsmodus, og at ingen av dei andre sommarvikarane var ferdige med utdanninga det året. Utteljinga kom, og på kort tid hadde han i fjor haust skrive kontrakt og funne seg leigebustad på Knapphus. Framgangsmåten med både sommarjobb og ordinær jobbsøknad hjå den same bedrifta er det altså all grunn til å sjå fornøgd tilbake på. Å først ha kandidatar inne i sommarjobb ser nok både arbeidssøkar og bedrift fordelar med, anten det er i Åmsosen eller andre stader i konsernet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS