Amerikanske grossistar sørgjer for ein innkjøpsauke på 35 prosent.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Aukar innkjøp av laks
Hovudgrunnen er at dei ikkje får tak i nok forsyningar frå hoffleverandørane i Chile og Canada, skriv nettstaden ilaks.
Onsdag 21. juli skreiv ilaks at Boston-grossisten John Nagle hentar hovudtyngden av laksen sin frå Noreg.
– Det er manko på det som kjem frå Chile, og det er god tilgjengelegheit i Europa. Austkysten har ikkje mykje fisk, Vestkysten har mange forskjellige problem, som til dømes algar, seier lakseseljar Ed Stanton i John Nagle.