Meteorologane åtvarar om glatte vegar onsdag. Slik ser vegen ut ved Favnabø, retning Ølen, onsdag morgon.
Statens Vegvesen
Åtvarar mot glatt føre: — Rekn med ekstra tid
Det er meldt lokal fare for glatte vegar frå onsdag morgon i delar av Vestland og Rogaland.
Meteorologisk institutt har onsdag sendt ut gult farevarsel for is i delar av Vestland og Rogaland. Varselet gjeld i følge yr.no også Etne og Vindafjord.
I følge varselet kan mildvêr og regn fryse på kald bakke og føre til glatt føre. Nedbøren kan enkelte stader starte som snø eller sludd.
Varslet peikar på at det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold. Bilistar blir rådde til å bruke riktige dekk og køyre etter forholda.