MDG-leiar Une Bastholm tek selfie saman med Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre før ein partileiardebatt i valkampen. Men det er harde frontar mellom dei to partia når det gjelder spørsmålet om oljeleiting på norsk sokkel. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
MDG-leiar Une Bastholm tek selfie saman med Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre før ein partileiardebatt i valkampen. Men det er harde frontar mellom dei to partia når det gjelder spørsmålet om oljeleiting på norsk sokkel.

Ap seier nei til store leiteoperasjonar på norsk sokkel

NPK-NTB: Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier nei til store, nye leiteoperasjonar på norsk sokkel, men vil halde fram kartlegginga på eksisterande felt.

Under partileiarutspørjinga i Politisk kvarter på NRK onsdag uttalte Støre at han ikkje kan gå med på kravet frå MDG om at dei ikkje kan støtte ei regjering som vil halde fram med å leite etter olje.

— Då får MDG heller støtte Erna Solberg og Sylvi Listhaug, svarte Støre.

Ap-leiaren seier derimot klart at partiet ikkje vil gå inn for at det blir gjennomført nye store leiteoperasjonar på utbygde felt på sokkelen.

— Det blir ikkje store leiteoperasjonar på norsk sokkel. Vi har sagt nei til Lofoten, Vesterålen og Senja. Men i dei områda der Noreg i dag har installasjonar, røyr, riggar, så skal vi halde fram med å kartleggje ressursar. Og det meiner vi er nødvendig for å ha økonomi til å klare det grøne skiftet og få fram dei nye fornybare energikjeldene, sa Støre.

MDGs leiar Une Bastholm har tidlegare i valkampen sagt klart frå at partiet ikkje vil støtte eit budsjett som opnar for leiteverksemd, sjølv om ein eventuell statsminister Jonas Gahr Støre då truar med å gå av.

I ein kommentar til NTB peikar Bastholm på at leitelisensar som er gitt, er i område som allereie er opna.

— Det er flott at Ap avklarer at det ikkje blir nye konsesjonsrundar på norsk sokkel, der det blir opna heilt nye område for leiting. Men nesten alle leite- og utvinningslisensar er i område som allereie er opna. Når vi møtest i forhandlingar etter valet, så er det derfor dei det vil handle om. Eg er sikker på at om vi klarer å bli samde om oljepolitikken, så er det mykje anna det er lettare å bli samd om, seier Bastholm.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS