Her seier Ap sin gruppeleiar Alf Ove Nilsen (ståande) unnskyld etter at han litt tidlegare hadde kjefta opp Frp sin gruppeleiar Kenneth Karlsen etter notar. Karlsen svarte med å be Nilsen gå vekk.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ap-leiar og Frp-leiar i full krangel om skule-forslag
Det vart open krangel mellom gruppeleiarane Alf Ove Nilsen (Ap) og Kenneth Karlsen (Frp) under budsjetthandsaminga i Etne. No vurderer Karlsen å søke permisjon frå kommunestyret for å samle krefter til valkampen neste haust.
Kenneth Karlsen, som står på 1. plass på Frp si nominasjonsliste til valet til hausen, vil bruke juleferien på å vurdere om han vil søke permisjon frå sine politiske verv ut perioden. Dette for å heller samle kreftar til valkampen til hausten, og etter ein dramatisk budsjettdebatt i Etne torsdag kveld.
— Det er greitt at det nokon gong blir ei overoppheita tone i politikken, men det med opplevde i budsjettdebatten tar kaka, seier han.
Dramatikken oppstod då Etne kommunestyre skulle røyste over budsjett for 2019 og økonomiplan for 2019-22. I arbeidet med å få til eit samrøysta budsjett kravde Etne Frp at ein skulle ha med eit punkt om at Skånevik ungdomsskule skulle fredast i heile økonomiplaneperioden. Bakgrunnen for forslaget er at rådmannen i sitt forslag til budsjett har peikt på at flytting av ungdomsskuletrinnet til Enge kan vere eit mogeleg innsparingstiltak for kommunen i økonomiplanperioden.