Amerikanske blåbær trivst i norsk jord
Det minner litt om mellomeuropeiske forhold når ein ser blåbærrankane til ekteparet på Strand i Sandeid. Kanskje har det å gjera med at småbruket dei kjøpte for nokre år sidan ligg brattlendt, men i motsetnad til norske blåbær som veks langs bakken, ser amerikanske blåbærbuskar meir ut som druerbuskar.
— Det tar mange år for ein busk å nå den maksimale høgda på rundt to meter, men dei gir bær fra første år og så blir buskane svært gamle, seier Alfred Thu (59).
Han understrekar at det sjølvsagt undervegs ikkje så store mengder, men det er bær frå første år.