Logogen til Sinister Minds 2018» er god synleg.
Illustrasjonsfoto

Petit

Aldersspøkjelset

Publisert Sist oppdatert

Det byrjar å bli nokre år sidan eg fekk slengt i trynet at eg ikkje lenger er ungdom. Sidan kommentaren var både uventa og overraskande, har eg valt å halde fast på bestemor sitt motto, Alder er berre eit tal, og du er ikkje eldre enn du føler deg». Minst éin gong i året tek eg på meg våtdrakta og står på wakeboard, for å bevise for meg sjølv at eg framleis har det». Sjølv om eg er ájour på akkurat dette feltet, har eg vore nøydd til å svelgje eit par kamelar det siste året.

For det første måtte eg auke styrken på brilleglasa i haust. Dette var eigentleg ikkje det verste, sidan eg då fekk høve til å kjøpe ein ny brilleinnfatning som eg hadde meir lyst på. Verre var det då eg innsåg at bokstavane faktisk veks saman når eg ikkje har dei på. Og falleringa stoppar ikkje der. Når eg får spørsmål om alder, sviktar hukommelsen. Blir eg 33 eller 34?

Ein dag tok eg meg sjølv i å fnise av bøttehatt-moten, som har vore på frammarsj dei siste åra. Sist gong eg kan hugse hatten regjerte var eg 14 og hadde tannregulering. Ikkje skulle eg ha bøttehatt igjen, tenkte eg. Det var heilt til eg las ein artikkel om teikn som tyda på at du var gammal. Dei gamle» elska framleis Skinny jeans» og var storforbrukarar av latterfjes-emojis. Eg treng vel neppe fortelje at favorittbuksa er av typen Skinny jeans», og at latterfjes-emojien er eit velbrukt symbol som strøymer ut frå telefonen min. Den som sydde seg bøttehatt etter dette, det var meg.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS