Alle var oppmoda til å kle seg ut som sjørøvarar denne dagen, noko Agnes Klette Stensland (4) frå Bjoa hadde gjort. Ho synest sjølv ho var ganske fin og litt skummel.
FOTO: Foto: Grethe Hopland Ravn
Aktivitetsdag med både sjørøvarar og bingo
Då båtlaget og sanitetsforeininga på Bjoa arrangerte familiedag i båthamna laurdag, var det mange flotte sjørøvarar å sjå. Viljar Andre Sælemyr Skartland (3) frå Vikebygd var ein av dei, og han kosa seg med både hoppeslott, pølse og kaker.
Det var mykje å ta inn over seg for Viljar Andre Sælemyr Skartland (3) frå Vikebygd då han så stilig og tøff kom til båthamna laurdag – utkledd som sjølvaste kaptein Sabeltann. Han synest det var spennande å kle seg ut. Han var ikkje åleine om å kle på seg sjørøvarutstyret denne solskinsdagen, for etter oppmoding frå arrangøren var det fleire som hadde tatt kreativiteten i bruk.
— Eg er ei piratdronning som har kom til lands, og eg heiter Tullerud, seier ein av sjørøvarane som stod i bresjen for å arrangera bingo for barn denne dagen. Sånn i smug kan det opplysast om at fru Tullerud på vanlege kvardagar kallar seg Linn Gjerde, og er bjoabu.
— Ho var veldig stilig, seier Marcelie Søderlund (9) og Sara Tysvær som var på hyttetur på Bjoa i helga.