Bjørn Cato Aarekol kan sjå seg nøgd med innsatsen under NM-runden i rallycross sist helg.
FOTO: PRIVAT
Aarekol imponerte og nådde A-finale
Det var den tredje runden i NM i rallycross som vart køyrd på Momarken i Mysen i helga. Løpet var teljande både i NM og NMK meisterskapet 2021.
I klassen inntil 2000cc, som Bjørn Cato Aarekol deltek i, var det 14 deltakarar.
Første omgang starta med heatsiger til Aarekol, og sjette beste tid i omgangen. I andre omgang køyrde han nok ein gong inn til heatsiger, og då på tredje beste tid.