Inga-Cecilie Sørheim.
PRIVAT
På tampen:
Å vere ei Brita
Kvar jul kjem reklamen med Vazelina Bilopphøggers som vil "ta seg ein slik ein Pizza Grandiosa". Og då tenker eg på Brita.
Ikkje fordi ho er så glad i Grandiosa, men fordi ho alltid har vore så stor fan av Vazelina. Nyleg var eg i ei gravferd, og sette meg ned på ei tilfeldig rad. Eg snur meg, og der sit jammen Brita. Då var det fleire år sidan eg hadde sett henne.
Akkurat denne teksten har murra og surra i bakhovudet i fleire år. Av og til møter ein menneske som set sine spor. Som blir med vidare sjølv om livet tar oss ulike vegar. Men kven er så denne fabelaktige Brita, lurer du på..? Jo, svaret er såpass enkelt; Brita var min veiledar i turnustida i Sauda for nokre år tilbake. Faktisk nærmar det seg tjue år sidan; tru det eller ei. Eg gløymer det aldri. Mi første helg på legevakt sto eg heilt aleine midt på natta med ein vanskeleg situasjon. Eg fekk det ikkje til. Pasienten var desperat. Eg også. Kva skulle eg gjere? Eg ringte bakvakt Brita for å få råd over telefon. Me la på, og eg fortsette mine forsøk på å hjelpe pasienten. Få minuttar seinare går det i døra, og der står ei søvnig Brita i joggedress - med bustete hår og eit stort smil. Skal eg hjelpe deg? Den følelsen. Ho hadde ikkje trengt å gjere det. Men gjorde det likevel. Akkurat slik er Brita.
Som veiledar var ho alltid tilgjengeleg for meg, med stor entusiasme og tiltakslyst. Fagleg dyktig, endå flinkare med folk, og ikkje redd for å verken prøve eller feile. Ho ga meg masse arbeid, tillit og ansvar; men eg visste alltid at ho var der for meg. Så raus og trygg. Ho tok meg nærmast inn i familien, inviterte heim til middag og lot meg få bli kjent med ungane. Me hadde det gøy ilag, og ja; me var på Vazelina-konsert! Ho lot seg imponere over kunnskap rett frå universitetet, som at eg visste forskjellen på nefrotisk og nefrittisk syndrom. Ja, eg hadde kanskje bokkunnskap, men likevel så mykje å lære.