Gnagarar liker heller ikkje kulda og kan freiste å koma seg innomhus for å overvintre. Det finst mange typer musefeller.
Foto: Mari Rosenberg / IFI/ NPK
7 tips til eit vinterklart hus
Når utekrana er stengd, hagemøblane pakka bort og takrenna reinska for lauv, er det på tide å brette opp ermane innomhus før det blir skikkeleg kaldt, skriv Informasjonskontoret for farge og interiør (IFI) i ei pressemelding. Der minner dei om at det er fleire ting ting du kan gjere for å få det meir lunt inne utan å auke straumforbruket:
1. Hald kulda ute med gardiner:
Tjukke og fôra gardiner isolerer mot trekk. Lat dei vere så lamge at dei når golvet. Du kan og henge tjukke gardiner framfor døropningar og dører som trekkjer mykje.
2. Finn fram flanellen:
Flanell er ei form for børsta bomull som skaper ekstra med luftlommer mot huda, og som gjer at tekstilet blir oppfatta varmare, anten du brukar det i form av pysjamas eller dynetrekk. Eit sengeteppe eller pledd i ull skapar også eit ekstra isolerande lag i eit kaldt soverom.