Eim reknar med at det ikkje blir heilt stille nyttårsaftan til tross for koronatid.Foto: Terje Pedersen / NTB
Eim reknar med at det ikkje blir heilt stille nyttårsaftan til tross for koronatid.

68 prosent er skeptiske til fyrverkeri på nyttårsaftan

68 prosent er heilt eller noko samde i at fyrverkeri bør forbydast på nyttårsaftan, viser ei fersk undersøking. Det skremmer ikkje Norsk Fyrverkeriforening.

Publisert Sist oppdatert
40 prosent er heilt samde i at fyrverkeri bør forbydast, viser undersøkinga Norstat har gjennomført på vegner av Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (Nito). 1.015 personar har delteke i undersøkinga.

60 prosent av dei som ønskjer å forby fyrverkeri, trekker fram fare for brann og personskade som den viktigaste årsaka. Det overraskar ikkje visepresident i Nito og kommuneingeniør, Kjetil Lein.

– Kvart år blir folk skadde av fyrverkeri, og små og store brannar oppstår. Dette skjer sjølv om folk har vorte flinkare til å bruke vernebriller, og at det er forbode å skyte opp rakettar med styrepinnar, seier han.

God salsstart

Rikard Spets i Norsk Fyrverkeriforening ser ikkje veldig negativt på tala, i alle fall ikkje i år.

Han fortel at dei allereie etter éin dag med sal av fyrverkeri har merka ein auke i interessa.

– Nyttårsaftan i år blir annleis. No vil folk feire kvar for seg, og då blir det meir fyrverkeri. Det har vi sett internasjonalt med 4. juli i USA og Bonfire Night (5. november) i Storbritannia. Folk er lei av 2020 og ønskjer å markere inngangen til 2021, seier han.

Offentleg

Spets seier at det store fleirtalet pleier å gå ut når klokka nærmar seg midnatt 31. desember.

– Undersøkingar både vi og DSB har gjennomført, viser at 90 prosent er ute for å sjå på fyrverkeriet, seier han.

Han meiner dessutan at kva folk svarer i ei undersøking om temaet, kjem an på om ein lovar offentleg fyrverkeri eller ikkje.

– Men då må ein hugse på at Noreg består av 1.000 tettstader. Skal du dekkje det, treng du 1.000 pyroteknikarar, i Noreg finst det 120, seier Spets.

Medlemmene i Norsk Fyrverkeriforening står òg for importen til store offentlege arrangørar. Spets er dermed tydeleg på han ikkje ser veldig negativt på at fyrverkeri blir skote opp offentleg.

Tryggleik

Lein i Nito fortel at medlemmene deira i brann- og redningsetatane kvart år rykkjer ut til ulykker og brannar som følgje av fyrverkeri.

– Fyrverkeri er framleis lovleg, og då er det viktig at alle tek ansvar og følgjer bruksrettleiinga og brukar anbefalt verneutstyr når dei skyt opp på nyttårsaftan, seier han.

For privatpersonar er det berre lov til å skyte opp fyrverkeri mellom klokka 18 nyttårsaftan og klokka 2 natt til 1. januar.

Spets er tydeleg på at medlemmene deira tek tryggleiken på alvor.

– Alle som sel fyrverkeri, er opplært til det. Dei deler ut tryggingsbriller og gir råd. Alle som kjøper, får òg med seg informasjon, seier han.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS