Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Oppfyller ikkje minstekravet til tryggleik, meiner Eftas tilsynsorgan om ei rekkje norske tunnelar. Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Oppfyller ikkje minstekravet til tryggleik, meiner Eftas tilsynsorgan om ei rekkje norske tunnelar.

— 68 norske vegtunnelar oppfyller ikkje minstekravet

NPK: Eftas tilsynsorgan seier 68 norske vegtunnelar som inngår det europeiske vegnettet Tern, ikkje oppfyller minstekravet i EØS-reglane til tryggleik.

Reglane om tunneltryggleik byrja å gjelde i desember 2006, og eksisterande tunnelar skulle vore oppgradert innan utgangen av april i fjor.

Tilsynet Esa har no sendt Noreg ei såkalla grunngitt fråsegn om saka. Noreg har tre månader på seg til å svare.

— Vedtaket vårt er ei oppmoding til Noreg om å oppfylle tryggingskrava for vegtunnelar til beste for trafikantane, seier Esa-president Bente Angell-Hansen i ei pressemelding.

Trass i at arbeidet med å oppgradere tunnelane er i gang, har regjeringa antyda at det vil ta fleire år før alle oppfyller minstekravet til tryggleik.

Eitt av måla med minstekravet er å hindre hendingar som kan setje liv i fare. Esa meiner derfor at regjeringa bør prioritere tryggleiken til trafikantane og framskunde oppgraderingsarbeidet.

Den grunngitte fråsegna er andre trinn i Esas formelle prosedyre ved traktatbrot. Tilsynet kan deretter velje å ta saka til Efta-domstolen.

Powered by Labrador CMS