Nesten 6.000 personar har hittil i år vorte tekne for å halde på med mobilen medan dei køyrde.
Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB / NPK
5.900 personar tekne med mobilen bak rattet i år
Hittil i år har 5.893 personar vorte tekne for mobilbruk bak rattet, viser tal frå Utrykkingspolitiet. Det er ein nedgang på 26 prosent frå same periode i fjor.
– Sjølv om nedgangen er god, kan vi ikkje tillate oss å feire, seier prosjektansvarleg Liv Marie Bendheim i Ung i trafikken i ei pressemelding.
Ho påpeikar at 63 personar har mista livet i trafikken hittil i år.
– Nesten kvar tredje ulykke på norske vegar kjem av dårleg merksemd. Vi må hugse at ein bil i 80 kilometer i timen bevegar seg nærare 90 meter på fire sekund. Det svarer til at ein bevegar seg distansen av ein fotballbane i løpet av ein kort titt på mobilen, seier Bendheim.