Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

50-årsfeiring med stil

Publisert Sist oppdatert

Vats skule var pynta med fargerike ballongar, flagg, og ikkje minst var uteområdet heilt ferdig opprusta og klart til å visast fram. På uteområdet har dei grave opp gammal asfalt, som er erstatta med ny. Ein gammal mur på baksida av skulen er fjerna, og ein ny mur har kome opp.

Dei har også fått ein ny gapahuk, som det var offisiell opning av denne dagen. Ifølgje rektor Hilde Pedersen Åsbø var det ein del humpar i asfalten tidlegare, som mange elevar datt i. Ho trur at utbetringane vil ha mykje å seie for trivselen til elevane.

Vats skule tok imot sine første elevar i 1974. Det var den første skulen som var både barne- og ungdomsskule i gamle Vindafjord kommune. Tidlegare kom elevane frå Skjold skule for å gå på ungdomsskulen i Vats. I dag har dei 1.-7. klasse i Vats, og ungdomsskuleelevane blir skyssa til Skjold skule.

Powered by Labrador CMS