UDIs tal viser per 28. oktober at totalt 96.098 ukrainarar har fått kollektivt vern i Noreg sidan Russlands invasjon av heimlandet deira. Biletet vart teke i 2022 av ei markering mot invasjonen framfor den russiske ambassaden i Oslo. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
UDIs tal viser per 28. oktober at totalt 96.098 ukrainarar har fått kollektivt vern i Noreg sidan Russlands invasjon av heimlandet deira. Biletet vart teke i 2022 av ei markering mot invasjonen framfor den russiske ambassaden i Oslo.

400 ukrainarar nekta opphald i Noreg etter innstrammingar

Meir enn 400 ukrainarar har fått avslag på søknad om varig opphald i Noreg etter at regjeringa i fjor haust endra lovverket for kollektivt vern.

Publisert Sist oppdatert

– Det er gjort i overkant av 400 avslagsvedtak i førsteinstansen UDI, og klageinstansen Utlendingsnemnda har så langt ikkje gjort om nokon av klagene på avslagsvedtaka.

Det skriv justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) i eit svar
på eit skriftleg spørsmål i Stortinget frå Sp-politikar Bent-Joacim Bentzen.

Nettavis
en omtalte saka først.

I september i fjor endra tidlegare justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) lova om kollektivt vern. Personar som kjem til Noreg frå område som Utlendingsdirektoratet (UDI) vurderer som trygge, får ikkje automatisk opphald lenger.

UDI vurderer 14 område i Ukraina som trygge, opplyser justisministeren.

– Ukrainarar som kjem frå desse områda blir ikkje gitt kollektivt vern, men dei kan få asylsøknaden sin behandla individuelt, skriv ho i svaret.

(NPK)

Powered by Labrador CMS