Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Utstyr for koronatesting. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Utstyr for koronatesting.

370 nye koronasmitta registrert siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 370 koronasmitta i Noreg. Det er 130 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 411 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 312, så trenden er stigande.

Ved midnatt natt til måndag var det utført 6,6 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 140.836 personar testa positivt.

Til no har 3.693.741 personar fått første dose av koronavaksinen, og 1.930.208 personar har fått andre dose.

Fredag var 33 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var tre fleire enn dagen før. Talet vert ikkje oppdatert i helgane.

Til saman er 804 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

57,8 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

(NPK)

Powered by Labrador CMS