Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

200 på folkemøte om vindkraft

Publisert Sist oppdatert

— Me må ta vare på naturen. Vår generasjon har øydelagt så mykje natur, så noko må sparast til den neste generasjonen, sa Svein Helge Lærdal.

Sandeidbuen syntest møtet var bra med sakleg informasjon. Det blei arrangert av Motvind Vindafjord, som skal ha skipingsmøte i Vats 12. februar. Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) var invitert for å snakke om si interesse for eit mogleg vindkraftprosjekt på Døldarheia.

— SKL har ein intensjon om å byggje ut kraft og tene pengar, sa Lærdal.

Han bekymrar seg for om vindkraftinteressa blir brukt som brekkstong for selskapet sin ide om utviding av vasskraftverket Rødne kraftverk i Sandeid.

Avslag i 2014

Bakgrunnen for folkemøtet er at 10. desember var det ekstraordinært årsmøte i Døldarheia grunneigarlag, der SKL presenterte seg. Der blei det vedteke å gi styret fullmakt til å forhandle fram mogleg avtale med utbyggjarar om bygging av vindkraftverk.

Døldarheia ligg mellom Vats og dalføret mellom Sandeid og Ølen i Vindafjord. Toppunktet er 735 meter over havet og heiter Døldaren. Haugaland Kraft Produksjon AS fekk avslag på søknad frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å byggje vindkraftverk der i 2014. På møtet tysdag tok Bjarne Jensen i Motvind for seg søknaden og avslaget frå den gongen.

— Dette er det klaraste avslaget eg har sett, sa Jensen.

Ti fasar

Myndigheitskontakt Magne Andresen var SKL sin representant på møtet og hadde med seg to kollegaer. Han opplyste at det ikkje er noko konkret prosjekt no og fortalde generelt kvifor selskapet vurderer vindkraft. Ein grunn er at dei ser høve til å bruke det som supplement til regulerbar vasskraft og slik spare vatn når det bles.

Med vising til historikk illustrerte Andresen korleis SKL har vidareutvikla vasskraftverk til å produsere meir kraft. I det høvet informerte han om deira tankar om moglegheiter på Rødne kraftverk. Etter møtet med grunneigarane var dei på befaring.

Andresen løfta opp spørsmålet om kvifor SKL viser interesse for vindkraft på eit område der det allereie har blitt gitt eit avslag. Dette forklarte han med at dei har tru på eit betre prosjekt enn det som blei avslått i 2014. Han viste fram ei skisse over ti fasar mot eventuell bygging av vindkraft, med fleire høve for folk utanfrå til å påverke. Per no er dei i det han kalla fase 0, ein idéfase. Han viste til at selskapet har lang erfaring med utbyggingsprosessar og viktigheita av lokale stemmer.

— Me vil gi meir informasjon når me har noko å komme med, sa Andresen.

Vil ha prinsippvedtak

Den neste på talarlista var Karl Andreas Knutsen, leiar av naturvernkomiteen i Haugesund Turistforening sidan 1980-talet. Han omtala eit vindkraftverk på Døldarheia som ein visuell katastrofe for Haugalandet og meiner det er arrogant av SKL å utforske eit område kor det allereie er gitt avslag.

— Grunnen til at me står her, er at kommunen har latt døra stå open, sa Knutsen med referanse til kommunestyret sitt vedtak om å behandle sak for sak.

Rune Bråthen fortalde at Motvind Vindafjord kjem til å jobbe for eit prinsipielt vedtak om nei til vindkraft i Vindafjord. For deira del er ei mølle for mykje, og det er viktig å stoppe prosessar på eit tidleg stadium.

Alle partia i kommunestyret hadde vara- eller faste medlemmar i salen. Blant dei var Ivar Ødegård, som meinte det ikkje var nokon overraskingar. Han poengterte at Vindafjordlista, som stemte for eit prinsipielt nei til vindkraftverk, har vore tydelege på kva dei meiner.

Powered by Labrador CMS