Arkivfoto
20 på gata om årets val: Éin av fire byter parti
Ti kvinner og ti menn frå Etne og Vindafjord har svart på tre spørsmålarundt stortingsvalet på måndag. Halvparten av dei har landa på at dei vil stemma som dei gjorde for fire år sidan, mens 25 prosent har byta parti.
Like mange er også usikre på kva dei skal stemma i år, og sit framleis på gjerdet. Miljø, samferdsel, oppvekstvilkår og eldrepolitikk er det som går igjen blant dei viktigaste sakene blant veljarane. Fire av 20 har allereie stemt, mens to framleis er usikre på om dei i det heile tatt skal stemma. Éin har bestemt seg for å sitja heime på valdagen.
I ein reportasje i VG i 2017 åtvara valforskar Frank Aarebrot heimesitjarane om konsekvensane for å ikkje stemme ved val.