Få elevar ved vidaregåande skular i Rogaland nyttar seg av tilbodet om gratis frukost. Foto: Kari Hamre / NPK
Få elevar ved vidaregåande skular i Rogaland nyttar seg av tilbodet om gratis frukost.

17 prosent nyttar seg av tilbod om gratis frukost

NPK: Dei vidaregåande skulane i Rogaland tilbyr elevane gratis frukost, men berre 17 prosent av dei nyttar seg av tilbodet.

Tilbodet har vore der i to år. Ei ny evaluering viser at 17 prosent av elevane nyttar seg av det jamleg, medan rundt 25 prosent gjer det av og til. Det går i all hovudsak i havregraut, og elevar seier til NRK Rogaland at fleire hadde nytta seg av tilbodet om utvalet var meir variert.

Solveig Ege Tengesedal, leiar av opplæringsutvalet i fylkestinget i Rogaland, synest ikkje resultatet av evalueringa er så ille. Ho minner om at nærare 2.000 elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket dreg nytte av tilbodet om gratis frukost.

Ho trur endå fleire kunne tenkt seg å få gratis mat, men meiner dei har ein jobb å gjere med å gi betre informasjon til elevane.

I denne omgangen skal ordninga halde fram til 2023. Tengesdal forventar at sentrale styresmakter går inn med pengar slik at dei kan vidareutvikle tilbodet og lære meir om gratis skulemat. På den måten kan dei vere med på å leggje til rette for at gratis skulemat kan bli nasjonal politikk.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS