Gustav Svane, seniorrådgjevar i NAV Rogaland.
Pressefoto: NAV
11 262 personer mottar arbeidsavklaringspenger i Rogaland
Ved utgangen av september mottok 11 262 personer i Rogaland arbeidsavklaringspengar (AAP). Det utgjer 3,7 prosent av befolkninga i alderen 18 til 66 år. På landsbasis er andelen 3,8 prosent. Frå januar til september 2021 har talet personer på AAP i Rogaland auka med 293 personer. Av dei 11 262 personene som mottar AAP, har 43 prosent diagnosen psykiske lidingar og 30 prosent muskel- og skjelettlidingar.
2 424 personer under 30 år mottok AAP ved utgangen av september. Det er ein nedgang på 66 personer samanlikna med januar 2021.
– Den store reduksjonen i arbeidsledighet har resultert i at talet på AAP-mottakere i Rogaland held seg på eit stabilt nivå. Samtidig har moglegheit til å ta ut AAP i en lenger periode under pandemien, ført til at færre personer har slutta å motta ytingar frå NAV. Vi trur at nedgangen i ledigheit vil fortsetje dei neste månadane. Dette vil kunne bidra til at antal mottakarar av AAP sannsynlegvis vil halde seg på eit stabilt nivå eller bli redusert i tida fremover, seier seniorrådgjevar i NAV Rogaland, Gustav Svane.