Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB / NPK
1 milliardar kroner i verditap på fripolisar: – Sjokkerande
Dei siste fem åra er enorme pensjonsbeløp i milliardklassen tapte i fripolisar, ifølgje Pensjonistforbundet.
For fripolisar i livselskap er det snakk om 51 milliardar kroner i tapt kjøpekraft frå 2019 til 2023, ifølgje ein rapport frå Pensjonistforbundet.
På fem var verditapet dermed på 14,9 prosent, medan det hos dei fire største pensjonskassene var noko lågare på 6,7 prosent.
– Regelverket varetek ikkje rettane til fripolisekundane på ein god måte, seier Pensjonistforbundet-leiar Jan Davidsen.
– Livselskapa oppnår elendig avkastning på fripolisekapitalen. Samtidig går berre ein liten del av overskotet til å faktisk auke pensjonane til kundane, seier han.
Fripolise er opptent pensjon du får med deg når du sluttar i eit arbeidsforhold i ei privat bedrift.